I løpet av 2023 skal dei regionale helseføretaka teste ut nytt behandlingsforløp for barn og unge med kjønnsinkongruens. Målet er å skape eit heilskapleg behandlingstilbod av god kvalitet.

– Vi håpar at vi gjennom etableringa av dette behandlingstilbodet skal kunne gi eit godt behandlingstilbod regionalt, og at det igjen skal føre til kortare ventetid for dei som skal behandlast nasjonalt. Vi ønskjer også at det skal bidra til å spreie kunnskap om feltet, og heve kompetansen lokalt, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest RHF.
Dei regionale helseføretaka fekk i 2020 i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å etablere eit heilskapleg behandlingstilbod for personar med kjønnsinkongruens, og i tillegg etablere regionale senter for kjønnsinkongruens. Helsedirektoratet publiserte same år ei nasjonal fagleg retningslinje som beskriv ein såkalla desentralisert modell. Der skal fastlegar, kommunar, og helseføretak gjere ein del av dei oppgåvene som har lege til nasjonal behandlingsteneste tidlegare.
Tenesteforløpet er utvikla i tett samarbeid med ulike fagmiljø og brukarorganisasjonar, og med tanke på medisinfaglege tilrådingar og retningslinjer. Blant anna SOC8 og ICD-11, og internasjonale kunnskapsoppsummeringar (CASS 2022SocialstyrelsenNHS 2022​).

Kjem nærare pasienten

Dagleg leiar Tone Maria Hansen ved Harry Benjamin Ressurssenter er ein av dei som representerer brukarane i arbeidsgruppa, som jobbar fram det regionale tenesteforløpet. Ho ser fleire fordelar ved eit regionalt senter.
– Vi vil komme nærare pasienten, og her kan dei gjere ting som dei ikkje har ressursar til i den nasjonale behandlingstenesta, seier ho.
Hansen meiner eit regionalt senter kan vere ein arena for samtalegrupper og nettverksbygging. Pasientane kan også få tilgang på hjelpemiddel, som kan vere nyttige å ha i ein tidleg fase av dei ulike prosessane som personar med kjønnsinkongruens skal inn i.
– Alt avheng jo av kva slags midlar det regionale senteret får, men eg trur det kan vere god hjelp for mange som treng å utforske kjønnsidentiteten sin litt nærare. Slik det er i dag går det som regel raskt via barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) eller dei distriktspsykiatriske sentera (DPS) til nasjonal behandlingsteneste, men ein del er ikkje klare for det, seier ho.

Nytt tenesteforløp

Arbeidde med etableringa av nytt tenesteforløp med lokale senter vart sett i gang hausten 2022. Basert på innsiktarbeid gjort i prosjektet og tilrådingar i SOC8 og ICD-11, konkluderte prosjektet i eit forslag som no skal testast ut i Helse Midt-Noreg, Helse Vest og Helse Nord.
Målet med det nye forløpet og etableringa av dei regionale sentera er å gi raskare kontakt med helsetenester med erfaring og kompetanse om kjønnsinkongruens, redusere ventetida på Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens, tilby ikkje-medisinsk pasientbehandling i dei regionale sentera og spreie kunnskap og heve kompetansen lokalt. Det er, og vil fortsatt være tett samarbeid med den Nasjonale behandlingstjenesten.
– Parallelt med at vi har arbeidet med pasientforløpet, har vi lyst til stillinger og rekruttert legar og psykologar som kan noko om feltet og vil vere med på å bidra, seier overlege Hans Petter Fundingsrud på Universitetssykehuset Nord-Norge.
Les mer her 

 

1