Den problematiske kjønnskorrigeringa
Av Jon Hustad
Sex og kjønn er sterkt knytte til skam, løynd, fordomar, undertrykking og vald. Lista av negative ord knytte til kjønnsskilnader og konsekvensane av dei, er lang. Det er noko med menneske og sex som er unikt i dyreriket. Det fyrste Adam og Eva gjorde etter at dei smakte av eplet, var å dekkja til kjønnsorgana. Deretter sende Gud dei ut av paradis.
Tidsskriftet The Economist har vorte meir sentrumsorientert med åra, men då redaktørane var verkeleg liberalistiske, attende i 1980- og 1990-åra, pla dei ha to faste leiarar i året. I den eine gjorde dei framlegg om at alle nye adelstitlar i Storbritannia burde seljast på auksjon. Ein fast kvote kvart år skulle gå til dei som baud høgst. Dette meinte The Economist ville gje statskassa auka inntekter, sidan det var nok av idiotar rundt omkring i verda som ville ha ein britisk adelstittel. Synspunktet var så logisk at det var vanskeleg å argumentera mot. Det kom sjeldan protestbrev.
Den andre faste leiaren handla om prostitusjon. Der hevda The Economist at sal av sex burde vera fullt lovleg og sjåast på som eit heilt vanleg og greitt arbeid. Det var alltid ein etterspurnad der ute, og etterspurnaden kunne løysast ved eit tilbod. Ingen andre hadde noko med ei friviljug kontrakt mellom to sjølvstendige og myndige individ å gjere. Og om prostitusjon vart full lovleg, og sexarbeidarane fekk trygde- og helserettar i byte mot å betala skatt og avgifter, ville det i sin tur føra til høgre offentlege inntekter og mindre kriminalitet. Folk måtte kvitta seg med fordomane, var bodskapen.
Kva med di dotter?
Denne leiaren utløyste ein type lesarbrev som stort sett var bygde over same lesten og vart avslutta med eit spørsmål: «Dersom redaktøren har ei dotter, ville redaktøren vera nøgd med at ho vart prostituert?» Det kom aldri svar frå redaktøren på spørsmålet.
Eit ikkje heilt ulikt spørsmål kan stillast om menn eller gutar som har skifta juridisk kjønn, men ikkje har gått gjennom ein kjønnsskifteoperasjon. Om du som mor tok med dotter di på ti år til eit badeland, og de satt nakne i garderoben medan ein person med eksponert penis gjekk forbi og sette seg ved sidan av dykk, korleis ville du ha reagert då?

 

 

Les mer her